Frå 14. mars finn du Sunnmøre friluftsråd i nytt kontor i Stettevegen 73 på Skodje. Her vil friluftsrådet vere tilgjengelege for innbyggarane, invitere til kurs og aktivitetar og ha tilgang til sjøen.
Sunnmøre friluftsråd har vakse mykje dei siste åra med både StikkUT!, leik og læring i skulen, arbeid mot marin forsøpling og eiga skjergardsteneste. Friluftsrådet har dei siste 10 åra halde til på Eidsnes i Sula kommune, men har no vakse seg ut av lokala dei har leigd der.
– Vi har søkt etter ny lokasjon der vi kan utvikle oss, og innbyggarane lett kan stikke innom.
Derfor er det veldig fint at Byggtorget legg til rette for oss her i enden av Ellingsøyfjorden. Vi har fleire prosjekt som er knytt til sjø, både Skjærgårdstjenesten og rydding av marin forsøpling. Kontora i 2. etg. i trehuset hos JKE på Digernes er den perfekte plassen for både dei tilsette og mykje av aktiviteten i friluftsrådet framover, seier Anne Berit Støyva Emblem, dagleg leiar i Sunnmøre friluftsråd. Ho understrekar at friluftsrådet framleis vil ha kontoravdelinga si i Volda.
Dei nye lokala rommar også eit relativt stort møterom som gir friluftsrådet moglegheit til å arrangere møter og kurs.
– Vi har mange kurs og aktivitetar rundt om på Sunnmøre og Vestnes som vil halde fram som før. Men den sjønære tilgangen på Digernes gir oss no også moglegheit til å ha kurs, til dømes i kajakkopplæring og livredding, på eige område, seier Støyva Emblem.
Friluftsrådet får også tilgang til eit sjønært lager med god plass i bygg rett ved sidan av. Her blir det mellom anna plass til dei 50 kajakkane som friluftsrådet har, samt forskjellig utstyr som både aktivitet- og driftsområdet nyttar.
Det største publikumsretta arbeidet til Sunnmøre friluftsråd er Stikk UT!
– Den nye lokaliteten ligg godt synleg ved vegen, berre 1 minutt frå E39, og vi vil gjerne at StikkUT!-brukarane kjem innom oss for å slå av ein prat, få kart og hjelp med appen, eller handle varer, seier Stikk UT!-ansvarleg Hilde Ellingsæter.
Utleigar Jan-Arne Finnøy, regionsjef hos Mestergruppen Byggevare As, avd. Digernes og Herøy, er glad for å få Sunnmøre friluftsråd inn på området.
– Vi tenker dette er eit heilt perfekt for friluftsrådet. I tillegg er dei ein positiv aktør å få saman med oss her på Digernes, seier han.
Finnøy reknar med at både han og dei andre tilsette i Byggtorget no kjem til å bli pusja med på Stikk UT!-turar framover.
– Men det er no i så fall berre positivt, så kanskje vi får endå sprekare tilsette, smiler han.
Sunnmøre friluftsråd er eit interkommunalt fellesskap, eigd av medlemskommunane som omfattar alle 13 kommunane på Sunnmøre, samt Vestnes. Friluftsrådet har 10 tilsette og driv med mange ulike ting knytt til friluftsliv og folkehelse, og driftar mellom anna fleire statleg sikra friluftsområde og den populære turtrimmen StikkUT!. Friluftsrådet har også mange aktivitetsprosjekt retta inn mot skular og innvandring.