Solcellepanel på bygg og utvalt ledig landareal i Møre og Romsdal kunne gitt ein straumproduksjon på 14 TWh per år. Solenergien ville då aleine gjort fylket sjølvforsynt med elektrisk kraft.
Det viser berekningar som Multiconsult har gjort på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune. Multiconsult brukar omgrepet «teknisk potensial» om talet på 14 TWh (terrawattimar) – det er dersom alt av bygg og gråareal blir utnytta, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
14 TWh er 1 TWh meir enn det som var samla årleg kraftforbruk i 2021 i Møre og Romsdal, ifølge Statistisk Sentralbyrå (SSB).
Gråareal og bygg
I rapporten har Multiconsult sett på potensialet for solkraft på to hovudområde:
- Gråareal: Jordbruksareal antatt å vere ute av drift, nedlagde deponi og parkeringsområde
- Bygg: Tak og veggar i bygningsmassen
Teknisk potensial for produksjon av solkraft i Møre og Romsdal er 10 TWh på gråareal og 4 TWh på bygg. – Ny sol-, vind- og vannkraft kan sikre balanse mellom kraftproduksjon og -forbruk i Møre og Romsdal framover, skriv Multiconsult i rapporten.
Solkraft i byane i fylket
Selskapet har også vurdert det tekniske potensialet for solkraft i dei tre byane i fylket:
- Kristiansund: 0,2 TWh gråareal og 0,3 TWh bygg
- Molde: 0,8 TWh gråareal og 0,4 TWh bygg
- Ålesund: 1,1 TWh gråareal og 0,7 TWh bygg
For heile prisområde NO3, som er Møre og Romsdal og Trøndelag, er teknisk potensial 31 TWh for gråareal og 12 TWh for bygg.
Teknisk potensial for solkraftproduksjon i Noreg er 199 TWh (133 TWh gråareal og 66 TWh bygg).
I 2021 ble det i Møre og Romsdal produsert 7,6 TWh elektrisk kraft. Forbruket var på 13,3 TWh. Noreg produserte 157 TWh elektrisitet i 2021.