Har oversatt 27 479 ord til nynorskbrukere på Facebook
Martine Rørstad Sand har omtrent oversatt Facebook til nynorsk på egenhånd. Etter at Facebook ble tilgjengelig på nynorsk har læreren systematisk rettet feil med rødblyanten etterhvert som de har dukket opp. Hittil har det blir over 27 000 oversettelser.
– Det byrja med at eg endra Facebook frå engelsk til nynorsk då eg såg at det var blitt tilgjengeleg. Facebook på bokmål hadde eg vore innom litt tidlegare, men eg synest ikkje det var noko særleg. Og så fann eg ein skrivefeil i ei omsetjing, som eg berre måtte rette på. Og så har det eigentleg berre balla på seg derifrå.
Eg har drive på med dette sidan 2008, og om ein deler talet på omsetjingar utover denne tida, blir det noko slikt som ti omsetjingar per dag. Eg er svært glad i språket mitt, og vil gjerne sjå nynorsk overalt, òg på internett.
Det tar litt tid, men eg synest det er verd det. Det er viktig for meg at språket på Facebook er bra. Når ein først skal gjere noko, kan ein like gjerne gjere det skikkeleg.
25-åringen har lagt ned en betydelig innsats for nettopp nynorske Facebook-sider. For det er nemlig slik at noen ildsjeler blant oss må jobbe hardt og iherdig for at alle oss andre skal kunne bruke Facebook på vårt morsmål.
– Facebook gir ein digital medalje for å bidra med å omsetje. Eg fekk min første medalje 23. juni 2008, altså like etter at eg var ferdig på Latinskulen. Eg har vore på Facebook i åtte år, og drive med omsetjing i sju av dei.
Facebook endrar seg heile tida. Dei legg til nye funksjonar og endrar på gamle. Så det er framleis behov for at folk bidrar til å omsetje Facebook til nynorsk. Vi var oppe i 93 % for eit års tid sidan, og treng å kome opp i 95 % for å kome ut av beta. Kva det å kome ut av beta vil seie reint konkret er eg litt usikker på, men det kan hende at ein kunne få Facebook på nynorsk på mobiltelefonen, til dømes. Det spørst om vi nokon sinne blir ferdig, men ein må jo prøve.
Eg gir meg ikkje før Facebook er ferdig omsett til nynorsk, avslutter Martine.