Forventningane og turgleda er til å ta og kjenne på når friluftsråda i samarbeid med sine 27 kommunar måndag 1. mai lanserer oppstart av ny Stikk UT!-sesong! 521 turmål gir mange val og friluftsråda oppfordrar turfolket til å ta seg tid til å nyte og ta vare på naturen vi ferdast i, skriv Sunnmøre Friluftsråd i en pressemelding. 

Annonse[pro_ad_display_adzone id="4935"]

– Mange har nok store forventningar til årets sesong, spesielt håpar nok mange på betre vêr og fleire fine turdagar enn i fjor, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er prosjektleder for Stikk UT!.

– Engasjementet rundt Stikk UT! er enormt og vi er veldig stolte av at regionen vår tronar øvst i landet når det gjeld å gå på tur. At så mange registrerer turane dei går, gjer at vi kan satse endå meir på å gjere gode turopplevingar tilgjengeleg for fleire, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd, som er ansvarleg for Stikk UT! på Sunnmøre.

I årets kartbrosjyre, som i desse dager kjem i postkassene til innbyggarane i regionen, inviterer friluftsråda alle med på ut på tur.

– Vi oppfordrar alle til å nyte turlivet litt ekstra denne sesongen; enten det er å gå på tur saman med nokon, nyte ein god matpakke på turen, lytte til fuglesang eller ta eit bad i eit fjellvatn. Gode møte mellom menneske og naturen fremmar helse og livskvalitet og vi trur at dess meir folk kosar seg på tur dess meir lyst får dei også til å gjere ein innsats for å ta vare på dei verdifulle områda vi ferdast i, seier Liv Synnøve Hoel.

– Vi ønsker å framheve kor viktig det er å ta omsyn, ha hunden i band og halde avstand til beitedyr. Å ferdast utan å etterlate spor er også viktig; alle kan bidra til at naturen vår skal vere like vakker og tilgjengelig i åra som kjem, oppfordrar Ellingsæter.
No i starten vil det vere mykje snø mange stadar, så hugs å sjekke kva for turar som har utsett opning i turomtalane i Stikk UT!-appen eller på stikkut.no.

I årets sesong blir ein ny funksjon i Stikk UT!-appen lansert. Denne lar deg logge turane du går, både Stikk UT!-turar og andre turar. Desse kan du lagre for deg sjølv og også dele med andre om du vil.

– Her trur vi mange vil finne god motivasjon til å både logge aktivitet i kvardagen og dele turar dei har vore på for å inspirere andre. Målet er å få fleire til å oppleve gleda ved å ferdast ute, enten det er å gå og sykle til og frå jobb, eller å gå til eit Stikk UT! turmål, sier Ellingsæter og Hoel.

Stikk UT! blir arrangert i samarbeid med dei 26 kommunene i Møre og Romsdal og Heim i Trøndelag. Saman med hundrevis av frivillege tilrettelegg dei for over 500 turmål denne sesongen.

Annonse[pro_ad_display_adzone id="4936"]