AaFK er på treningeleir på La Manga – Her er Harald Aabrekks blogg

Annonse[pro_ad_display_adzone id="4935"]

AaFK er i Spania på treningsleir og trener Harald Aabrekk har valgt å blogge om sin hverdag under oppholdet. Her er bloggen gjengitt etter aftale med AfFK.

Tysdag 17/02/2015

Klokka er 04:00 Riiiiiiiing!! Om dette er våken tilstand, så er kroppen i alle fall ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Fjernstyrt frå overnaturlege krefter, er eg på veg til AaFK sin årlege treningsleir på La Manga.

KL 13:00 Ankomst Spania i strålande sol. Er det muleg ???? Yr.no har fortalt at det skal regne, REGNE!! Og regnet skal få assistanse av kraftig vind. Er det ikkje muleg å stole på nokon no lengre ???????

KL 14:00 No pøsregna det, vinden uler og legg sydlandske palmar vassrett.

ENDELEG er tilliten til Yr.no gjenoppretta. Vi er på La Manga.

I møte med andre norske lag, som reiser hit år etter år, er det viktig å fram stå som profesjonelle, vise ”musklar”.

Eg merkar fort at spelarane gler seg til å møte ”kjente” i andre klubbar.

Noreg er ikkje større enn at spelarane er kollegaer. AaFK kan vere stolte av spelarane, som møter respekt frå alle hald.

Dei rutinerte, som gjennom gode prestasjonar har skapt seg ”eit namn”, og våre lokale unge som representerer klubben på ein særdeles flott måte.

Klubben det er meg og deg det. Du som les dette, er og klubben. «AaFK gjør noe med deg” ! Vi kan, ein som alle bidra til å utvikle oss, bli litt betre kvar einaste dag. På trening, i kamp, eller rett og slett når vi er saman. Vi er AaFK.

Til betre du blir – dess betre blir eg !

Torsdag 19/02/2015

AaFK vs Tromsø: 2 – 0. Det som imponerte meg mest ved kampen mot Tromsø, var at spelarane, etter ein litt stressande start (12-14 min) vann ”kampen i kampen”. Spelarane ”knekte koden”, styrte kampen inn i vår måte å spele på. Det er ein god eigenskap – Eg kjenner på at eg er stolt av spelarane.

Vi skal snart presentere årets kaptein, og ser kor viktig det er at laget har ein hærførar. Vi i trenarteamet gler oss til å presentere kaptein og visekaptein.

Gjennom media blir vi som lesarar presenterte for spelarane, så eg nyttar høve til at du blir litt betre kjent med støtteapparatet.

Støtteapparatet

Gjennom media blir vi som lesarar presenterte for spelarane, så eg nyttar høve til at du blir litt betre kjent med støtteapparatet.

Vi er opptekne av at AaFK skal vere EIN klubb. Administrasjon, anlegg, sport, supporterar, sponsorar, investorar……. Alle er vi AaFK.

På La Manga er det ”Veben” som limer inn alle i AaFK. Sørgjer for at alle trivast. Henrik bryr seg om oss, ved å kome innom. Få direkte informasjon, sjå oss i kamp, for å kunne formidle våre behov til styra for klubben.

Alle har sine oppgåver for at spelarane skal kunne presentere på høgast mogeleg nivå.

Helge og Gunnar styrer alt av utstyr som trengs til trening og kamp. Prikkfri jobb som alltid.

Leiarar i andre klubbar er innom, for å få ein kopp kaffi og kjeks undervegs i treninga.

Dette er stor idrett.

Trenarteamet

Fotballmedisin, leia av ”Melis”, sørgjer for at alle er i trening her på La Manga. ”Knock wood” – Bjørn Erik og Egil føler eg ser inn i ”kula”, og har vendt skadeforebyggande trening og behandling, om til Prestasjonsfremjande trening og behandling.

Jonas er laget si hjerne innan fysisk trening. Eg blir berre meir og meir glad i denne guten. Det veit eg at spelarane og alle rundt han er og !

Frank er vel den i Norge som har vore med å utvikle flest topp målmenn i Norge. AaFK har alltid den beste målmannen i buret !

Trond løfta 2. laget opp i 2. divisjon forrige sesong.

Han kjenner dei unge i klubben og gjev oss kontinuitet i å utvikle spelarar.

Trond er interessert i kvar enkelt spelar og representerer framtidas topptrenar.

Fotball er individuelle ferdigheiter sett i system. AaFK styrer mot hovudtrenar frå eigne rekker.

Og eg ? Ja, eg sit her og skriv eit reisebrev. Trygg på at teamet jobbar beinhardt for at laget skal prestere best mogeleg i 2015.

PS ! Etter å ha lest gjennom -Dette vart for mykje skryt, tenker eg. Men eg orkar ikkje skrive det om. Eg får vel kome meg på jobb sjølv. Gjere dei beste betre, for ord held ikkje i denne bransjen. Her må det jobbast beinhardt av alle.

Kvar einaste dag kan vi omsette ein ny tanke til praktisk arbeid !!!

Alt godt,

Harald

Annonse[pro_ad_display_adzone id="4936"]