Halvor Lie vert tildelt Ålesund kommune sin kultur- og idrettspris for sitt arbeid med å løfte fram jentefotballen- Han har i over tretti år fronta jente- og damefotballen i regionen vår på ein framifrå og forbilledleg måte, opplyser Ålesund kommune.
Han var med å starte opp klubben FK Fortuna i 1991. Han har hatt dei fleste rollene i klubben og er framleis aktiv materialforvaltar. Gjennom dei siste åra har vi opplevd meir og meir positive haldningar til jentefotball. Halvor sin innsats har vore med å legge til rette for at fleire jenter deltek i idretten og får utvikle sine talent.
Halvor har gjennom meir enn tre tiår sørga for kontinuitet og at klubben følgjer vedteken strategi. Dette er sjølve grunnmuren for den suksessen klubben har hatt dei siste åra. Aafk Fortuna har heidra han med å utnemne han til æresmedlem.
Av kollegaer i fotballmiljøet vert Halvor omtala som ein smålåten kar som ikkje hevar stemma eller likar å stikke seg fram. Han jobbar i det stille og sørger for at alt er på rett plass til rett tid.
Sjølv om Halvor Lie bur på Fiskarstranda er det den særlege tilknytinga til Aafk Fortuna og arbeidet for jente- og damefotballen i som gjer at Ålesund kommune ønskjer å heidre han med denne prisen.